Sommarcampen er over for i år. Takk til alle som var med! :)
Lær om livredding
Spel handball i Volda Campus SpareBank 1 Arena
Bli med på klatring og buldring med opplæring frå Sunnmørsk Klatreklubb
Spel volleyball med instruktørar frå KFUM Volda Volleyball
Instruktørar frå Volda E-sport gir deg opplæring i elektronisk sport. Spel saman med andre på gaming-PCar og konsollar
Padle med kajakk på Rotevatnet
Du får gratis lunsj kvar dag med matlaging
og grilling i fellesskap
Bading på Årneset
Sommarcamp skjer i veke 27, 28, 29 og 30 og du kan melde deg på ei av vekene. Vekeprogrammet er likt alle veker, og går frå måndag til fredag. Du får vere med på mange forskjellige aktivitetar som: volleyball, handball, e-sport, klarting, friluftsliv og førstehjelp.
Meir informasjon og fullstendig oversikt over aktivitetar får du når det nærmar seg campstart. På grunn av pandemien kan det kome endringar på kort varsel.
Deltakarar på sommarcampen er forsikra gjennom Volda kommune.
Meld deg på ved å fylle ut påmeldingsskjema eller ved å sende ein e-post til post@voldasommarcamp.no.
Har du allergiar eller spesielle behov så skriv dette i på påmeldingsskjema eller ta kontakt i god tid før start slik at vi kan tilpasse tilbodet.
Ønsker du å vere saman med vener eller søsken på camp, så skriv dette i påmeldingsskjema.
Sommarcampen er gratis!
Frist for påmelding er 1 juli!
Etter påmelding får du ei kvittering på at du har meldt deg på.
Det er begrensa plassar og først til mølla prinsippet gjeld for deltaking. Innan sju dagar vil du få beskjed om du har fått plass på ønska veke, eller om du er på venteliste.
Dersom du ikkje ønskjer plassen, bed vi om at du gir oss beskjed ved å sende en e-post til post@voldasommarcamp.no så snart du kan, slik at andre kan få plassen!
Du vil få meir informasjon før sommarcampen startar.
Frammøte kvar dag på Volda Campus Sparebank1 Arena kl. 09:00
Slutt kvar dag kl. 15.00
Det vert servert gratis lunsj kvar dag
Vi deler deltakarane etter aldersgruppe så godt det let seg gjere
Vi tek omsyn til smittevern og følgjer gjeldande nasjonale reglar og råd
Drikkeflaske
Badetøy
Klede etter forholda (nokre aktivitetar er ute)
Det er ingen krav til ferdigheter for å melde seg på sommarcampen. Har du spesielle behov så ta kontakt slik at vi kan tilpasse tilbodet.
Fråvær/sjukdom skal meldast direkte til ansvarleg for sommarcampen, Jan Vidar Øyen. Kontaktinformasjon finn du her.
Sommarcampen er ein del av Volda kommune sitt sommarskuleprogram og er finansert med midlar frå UDIR.